Eggenipa
Rundtur
Eggenipa er med sin eigenart, ein av dei mest fotograferte fjellformasjonane i Sogn og Fjordane.
Med si spisse form er fjellet blitt eit ikon for fotografar og folk på vandretur. Fjellet ruvar 1338 m.o.h., og opplevingane er store og majestetiske. Utsikt, storslått natur, høgdemeter og mjølkesyre er opplevingar du vil ha på turen.