VELKOMEN TIL

EGGENIPA
& Nibberåsa

 

82612023_10221180488042954_687659757699334144_n.jpeg
 

Eggenipa 1338moh

Eggenipa er med sin eigenart, ein av dei mest fotograferte fjellformasjonane i Sogn og Fjordane.

Med si spisse form er fjellet blitt eit ikon for fotografar og folk på vandretur.

Fjellet ruvar 1338 m.o.h., og opplevingane er store og majestetiske. Utsikt, storslått natur, høgdemeter og mjølkesyre er opplevingar du vil ha på turen.

 

TA TUREN TIL TOPPEN!
 

GUIDA Rundtur Eggenipa
Nordfjord GUIDING tilbyr guida RUNDtur på eggenipa

lite_bilde_1.jpg

Ta turen på eigenhand
Les om turen på utemagasinet si nettside. Her får du ei mange gode tips til turen.

byrkjelo+camp.jpg

Overnatting i området
vi har samla ei oversikt over aktuelle overnattingstilbod i nærområdet her. 

 

Bom og Parkeringsavgift

I vår har vi jobba med å få på plass automatisk bomstasjon, denne er no sett i drift.
Bomavgifta er nødvendig for å halde anlegget vedlike.

Prisar:

  • Enkeltpassering personbil under 3500kg: 75,-

  • Enkeltpassering for kjøretøy over 3500kg: 100,-

  • Klippekort -10 klipp: 600,-

  • Årskort 1. kjøretøy: 1000,-

Besøkande treng ikkje stanse ved bommen for å betale men har frist på å betale innan 48 timar på youpark.no.

Dersom du ikkje betalar på youpark.no blir det automatisk utstedt ein faktura med administrasjonsgebyr til registrert eigar av kjøretøyet, med informasjon frå motorvognregisteret, dersom kjøretøyet er registrert i Norge. Administrasjonsgebyret er for tiden 79 kr. inkl. mva.

For dei som nyttar vegen mykje kan ein kjøpe årskort eller «klippekort» til redusert pris her.
Grunneigarar har mulighet for abonnement med fri passering.

Les meir om bomløysinga på youpark.no

Prosjekt Nibberåsa

Foreininga NIBBERÅSA, som vart etablert i juni 2017, har som føremål å legge til rette for eit godt turløypenett i Øvredals- og Eggenipaområdet. Som ein del av dette er no prosjekt Eggenipa under planlegging. Eit prosjekt der ein vil legge til rette for ein betre sti til og frå toppen, og med det gjere fjellet meir tilgjengeleg for folk flest.

I dag er dette ein tur mange kvir seg på å gå då det tidvis er veldig bratt og smalt, og du må halde deg i kjetting for å forsere enkelte parti. Dette skremmer mange frå å legge ut på turen.

 
_DSC4668.jpg

Informasjonsbrosjyre

Vi har laga ei informasjonsbrosjyre om prosjektet. Du finn denne på butikkar i Breim, men kan og lese den her!

Nyheit!

I SAMARBEID MED REPIX.NO HAR VI LAGA VÅR EIGEN KOLLEKSJON AV PRODUKT MED VÅR FLOTTE LOGO.

DU KAN NO SIKRE DEG EIT MINNE FRÅ TUREN TIL EGGENIPA I FORM AV JAKKE, T-SKORTE, LUE, DRIKKEFLASKE ELLER TURKOPP. Du får og kjøpt andel i nibberåsa via nettbutikken.

Bli med på turen...

Våre støttespelarar: