Bom og Parkeringsavgift

I vår har vi jobba med å få på plass automatisk bomstasjon, denne er no sett i drift.
Bomavgifta er nødvendig for å halde anlegget vedlike.

Prisar:

  • Enkeltpassering personbil under 3500kg: 75,-

  • Enkeltpassering for kjøretøy over 3500kg: 100,-

  • Klippekort -10 klipp: 600,-

  • Årskort 1. kjøretøy: 1000,-

Besøkande treng ikkje stanse ved bommen for å betale men har frist på å betale innan 48 timar på youpark.no.

Dersom du ikkje betalar på youpark.no blir det automatisk utstedt ein faktura med administrasjonsgebyr til registrert eigar av kjøretøyet, med informasjon frå motorvognregisteret, dersom kjøretøyet er registrert i Norge. Administrasjonsgebyret er for tiden 79 kr. inkl. mva.

For dei som nyttar vegen mykje kan ein kjøpe årskort eller «klippekort» til redusert pris her.
Grunneigarar har mulighet for abonnement med fri passering.

Les meir om bomløysinga på youpark.no