Kjøp av andelar!

Reistrer deg og kor mange andelar du ynskjer å kjøpe.

Eggenipa.

Eggenipa er med sin eigenart, ein av dei mest fotograferte fjellformasjonane i Sogn og Fjordane. Med si spisse form er fjellet blitt eit ikon for fotografar og folk på vandretur. Fjellet ruvar 1338 m.o.h., og opplevingane er store og majestetiske. Utsikt, storslått natur, høgdemeter og mjølkesyre er opplevingar du vil ha på turen.

Besøkande og slitasje.

Trafikken til Eggenipa vore aukande i seinare år, sommaren 2017 er det registrert 1000 personar i boka som ligg på toppen. I 2021 var talet registerrte besøkande 4500. Auka trafikk har ført til stor slitasje på stien, spesielt frå parkeringsplassen i Øvredalen og opp til Heia har det vorte ille.

 

NIBBERÅSA.

Selskapet EGGENIBBERÅSA vart etablert i juni 2017 av Breimsbygda idrettslag, og har som føremål å legge til rette for eit godt turløypenett i Øvredals- og Eggenipaområdet. Som ein del av dette er no Nibberåsa prosjektet under oppstart. Eit prosjekt der ein vil legge til rette for ein betre sti til og frå toppen, og slik gjere fjellet meir tilgjengeleg for folk flest.

I dag er dette ein tur mange kvir seg på å gå då det tidvis er veldig bratt og smalt, og du må halde deg i kjetting for å forsere enkelte parti. Dette skremmer mange frå å legge ut på turen.

 

Målgruppe.

Målgruppa for prosjektet er born, ungdom, vaksne og eldre, samt turistar og andre besøkande som er glad i å gå i fjellet. Målet er at alle skal ha ei kjekk oppleving ute i naturen, gå meir på tur og bli sterkare, friskare og meir uthaldande. For at ein slik krevjande tur skal bli ei positiv oppleving, ynskjer foreininga NIBBERÅSA å lage ein berekraftig, trygg og lett framkommeleg sti frå E-39 til Eggenipa, og med rundtur rundt dalen heim igjen. Endepunkt tilbake ved E-39. Stien vil veksle mellom å gå i eksisterande og ny trase. Største endringa er at stien no vil kome opp på Heia lenger nord, og med det gjere turen til ei endå større oppleving.

Gjennomføring.

Stien frå parkeringa “Bjønnaspøtet” til toppen av  Eggenipa er ca 4 km lang og har ein høgdeskilnad på ca 980 meter. Siste halvdel opp til toppen skal ein å nytte sherpaene frå Nepal for å gjere stien berekraftig og trygg. Sherpastien vil få ei totallengde på 500 meter. Resten av sti som må utbetrast, 3 km, består stort sett av naturbotn og myrområde. Dette underlaget vil ikkje tole den harde bruken og auka trafikken som vil bli i dette området. Første delprosjekt, blå løype på kartet, ca 3 km med ny sti, er planlagt ferdig hausten 2024. Heile prosjektet er tenkt ferdig i 2026.

 Vedlikehald av råsa.

Då ein ventar stor auke i trafikken opp til og rundt Eggenipa, er det avgjerande at ein startar med å bygge stien berekraftig med ein gong. Det vil vere ein større jobbe å reversere skadane av stor trafikk, enn å legge til rette for stor trafikk. Det er difor ein ynskjer å bygge ein berekraftig sti heilt frå starten av slik at ein minimerer vedlikehaldsjobben i råsa.

Det er Nibberåsa som vi lha ansvar for vedlikehald av stien. Det vil bli utført synfaring av råsa 2 gongar pr. mnd. Skadar på stien vil bli retta opp fortløpande.

Lokale ringverknader av prosjekt Eggenipa.

Eggenipa er eit IKON fjell der tusenvis passerer foten av fjellet når dei køyrer hovudvegen gjennom Sogn og Fjordane, E-39. Ved denne oppgraderinga av stien, vil turfolket få ein ny spektakulær tur/rundtur på høgde med landsikona Besseggen og Romsdalseggen. Eggenipa vil ha same potensiale i årlege besøkstal som desse turane.

Ved den forventa auken i trafikk, vil det og kunne opne seg nye forretningsmuligheiter i form av aktivitets- og guideselskap, campingplassar og servering, stisykling, stølsbesøk,  elverafting og gardsbesøk i området.

Økonomi.

Prosjekt Eggenipa har ei samla kostnadsråme på ca. 10 mill. kroner. Mykje av arbeidet skal utførast på dugnad, medan vanskelege parti av stien skal steinsettast av sherpaer. Dette for å gje turgåarane ein tryggare sti. Heile prosjektet er tenkt finansiert gjennom tippemidlar, sal av andeler i prosjekt Eggenipa til bedrifter og private, støtte frå næringsfondet i Gloppen kommune, gåver/sponsormidlar, støtte frå ulike stiftingar og ikkje minst stor dugnadsinnsats.

 

Grunneigarane er med.

 Stien vil gå i eit område med 15 ulike grunneigarar. Alle 15 har signert grunneigaravtale på 40 år, og ynskjer å legge til rette for auka ferdsel opp Eggenipa og rundturen rundt dalen.