Om oss..
 

 

Eggenipa.

Eggenipa er med sin eigenart, ein av dei mest fotograferte fjellformasjonane i Sogn og Fjordane. Med si spisse form er fjellet blitt eit ikon for fotografar og folk på vandretur. Fjellet ruvar 1338 m.o.h., og opplevingane er store og majestetiske. Utsikt, storslått natur, høgdemeter og mjølkesyre er opplevingar du vil ha på turen.

 

Besøkande og slitasje.

Så har då og trafikken til Eggenipa vore aukande i seinare år, sommaren 2017 er det registrert 1000 personar i boka som ligg på toppen. Auka trafikk har ført til stor slitasje på stien, især frå parkeringsplassen i Øvredalen og opp til Heia har det vorte ille.

NIBBERÅSA.

Foreininga NIBBERÅSA, som vart etablert i juni 2017, har som føremål å legge til rette for eit godt turløypenett i Øvredals- og Eggenipaområdet. Som ein del av dette er no prosjekt Eggenipa under planlegging. Eit prosjekt der ein vil legge til rette for ein betre sti til og frå toppen, og med det gjere fjellet meir tilgjengeleg for folk flest.

I dag er dette ein tur mange kvir seg på å gå då det tidvis er veldig bratt og smalt, og du må halde deg i kjetting for å forsere enkelte parti. Dette skremmer mange frå å legge ut på turen.